Vikar som kjøkenassistent.
AiR ynskjer søknad frå personar som er engasjerte, som kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre. Det er ynskeleg med interesse for profesjonell kjøkendrift og helst erfaring frå matlaging.
Du vil bli sett inn i vakter som del av ein turnus fordelt på dagtid, kveldstid og helger.
Aktuelle kandidatar må ha funksjonell kunnskap i norsk. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Senteret tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, tilsetting i tråd med tariffavtale og gode pensjonsordningar. Senteret kan hjelpe til med bustad.
Det kan vera aktuelt med opp til 100% tilsetting. Eit alternativ kan vera å dele dette opp i tråd med søkjararane sin kapasitet for tilsetjing. Ta kontakt for dialog.
Søknadar vert tekne imot fortløpande. Det er ynskeleg med rask tilsetting og opplæring.
Søknadsfrist: 17. januar 2022
For meir informasjon, ta kontakt med fung. kjøkensjef Pilvi L. Bjørnø, tlf 948 90 066. Sjå også heimesida vår https://www.rehabilitering.no
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast via https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. Kjøkenet ved AiR er nyleg heilrenovert og er eit allsidig institusjonskjøken med spanande arbeidsoppgåver inkludert tilrettelagte diettar.