Jordmor i Hemsedal - 80% fast stilling
Ein unik moglegheit i ei flott bygd i vekst!
Vi har ledig ei 80 % fast stilling som jordmor ved helsestasjonen i Hemsedal.
Det er ønskeleg med snarleg tiltreding.
Jordmortenesta er organisert i helsestasjonen, med leiande helsesjukepleiar som næraste overordna. Det faglege ansvaret for jordmortenesta ligg i denne jordmorstillinga.
Det er krav om deltaking i interkommunal beredskapsvakt og følgeteneste for gravide til sjukehus. Dette er organisert i turnus med døgnvakter inkludert kveld, natt, helg og høgtider. Per dato er det vakt kvar 6. helg.
Det er eit godt regionalt samarbeid med dei andre kommunane i Hallingdal, og spanande prosjekt både lokalt og interkommunalt.
Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale og interkommunale tenester for barn og unge.
Hovudarbeidsområde/ansvar:
- Svangerskapskontrollar, heimebesøk og etterkontrollar
- Tverrfagleg fødsels og foreldreførebuande kurs
- Kvinnehelse og prevensjons rettleiing
- Deltaking i beredskapsvakt og følgeteneste
- Skulehelseteneste og undervisning
- Helsestasjon for ungdom
- Sikre at jordmortenesta vert drive etter anbefalingar og rettleiingar
Kvalifikasjonar:
- Jordmor med autorisasjon
- Ønskeleg med erfaring som jordmor frå kommunehelsetenesta
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
Vi ønskjer oss ein jordmor som:
- Har gode fagkunnskapar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Har gode kommunikasjonsevner
- Er løysingsorientert og fleksibel
- Er engasjert
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskaper, kompetanse og erfaring.
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Moglegheiter for kompetanseheving og faglig oppdatering
For stillinga gjeld:
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Anna:
På grunn av covid-19 epidemien som har ført til strenge restriksjonar for sosialt nærvær kan det vere vanskeleg å få gjennomført intervjuar med å vere fysisk til stede. Vi vil leggje til rette for intervju over digitale plattformar. Vi ber alle kandidatar som søkjer om å skrive ein søknad som er utdypende og leggje inn ein grundig CV i søknadsportalen slik at vi får eit betre grunnlag for vurdering.
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no, ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. I søknadsskjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Om bedriften
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2450 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.