Rekrutteringssak - Helgevakter/ringevikarar Bu- og habiitering
Stillingsannonsen er inaktiv.Kvinnherad kommune Bu og habilitering
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Bu- og habilitering nord og sør er to einingar i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.
Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.
Omtale av stillinga
- Helgevakter/ringevikarar ca. 12 - 25 % faste stillingar og vikariat.
Dersom det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetta i desse stillingane i same søkjarmasse.
Vi søkjer
- Etter personar som ynskjer å arbeida helg og ekstravakter.
- Vi oppmodar studentar innan helsefag og pedagogikk til å søkja.
Kvalifikasjonar
- Ha gode kommunikasjonsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God munnleg og skriftleg norsk framstilling
- Bør ha sertifikat til bil
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Ha gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Bu og habilitering
Adresse
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om stillingen
Stillingstittel
Helgevakter/ringevikarar
Antall stillinger
10
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 17. august 2022
Hentet fra: visma-easycruit
Referanse: 2993821_225143_nn
Stillingsnummer: 694b0822-57a8-4483-8763-73e235cb33bf