Me søkjer fagleg dyktig og engasjert
Stillingsinformasjon
Det vert ledig 100 % fast stilling som assisterande styrar ved Gaupne barnehage frå 1. august 2022.
80 % av stillinga er i administrasjonen inkludert 20 % flytande vikar og 20 % er som barnehagelærar i barnegruppe.
Gaupne barnehage har kapasitet på 132 barnehageplassar fordelt på 6 avdelingar og 35 tilsette. Fokusområde i år er inkluderande leikemiljø, fysisk aktivitet og friluftsliv. Til liks med dei andre barnehagane i kommunen deltek Gaupne barnehage i fellesprosjektet psykisk helsefremjande barnehagar som vektlegg barnehagemiljø og psykisk helse. Visjonen til Gaupne barnehage er «Eg vil. Eg kan».
Det er eit godt fagmiljø i barnehagen og ein arbeider med fag i alle ledd av organisasjonen. Gaupne barnehage er elles praksisbarnehage for studentar frå HVL. I barnehagen har me fleire tilsette som er sertifiserte innan Circle of Security (COS)-tilnærminga, og det er ein overordna metode i alt me gjer. Difor ynskjer me at søkjar har kjennskap/kompetanse på dette. Assisterande styrar vil ha mykje ansvar for å drive fagsatsinga vidare i barnehagen i tråd med krav og retningslinjer.
Barnehagen har fine og god lokale og byggjer ut med ei avdeling og ny administrasjonsdel som skal stå ferdig til oppstart august 2022.
Om stillinga
Assisterande styrar og styrar samarbeider tett om den faglege utviklinga og daglege drifta av barnehagen.
Oppgåver som ligg til assisterande styrar er mellom anna innkjøp, løns- og fråværsføring og oppfølging av spesialpedagogiske tiltak. Assisterande styrar er med i leiarkollegiet i oppvekstsektoren i Luster som har regelmessige møte.
Kvalifikasjonskrav
Utdanning som barnehagelærar og gjerne styrarutdanning/leiarutdanning.
Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på er:
- gode samarbeidsevne
- takle høgt arbeidspress
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- har god leikekompetanse
- ser viktigheita av uteaktivitetar
- kan jobbe systematisk
Link til søknadsskjema: Send søknad