Sjukepleiar/vernepleiar. Fast 85% stilling på natt
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4194640645 Presentasjon av stillingen:
Seksjon S4 avdeling for spesialisert psykosebehandling er ein lukka psykosepost med 12 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Vi jobbar i team saman med psykiater, psykolog, sosionom og miljøpersonell rundt kvar pasient. Vi jobbar tett saman med behandlingsapparatet ute for å sikre ein god og rask utskriving til eigen bustad eller anna behandlingstilbod.
Vi søkjer etter sjukepleiar, vernepleiar elelr spesialsjukepleiar innan rus og psykiatri til fast 85% stilling på natt med arbeid pt. kvar 3.helg.
Tiltredelse etter nærare avtale. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Du vil ha ansvar for daglege gjeremål ved avdelinga, til dømes medisinhandtering og postansvar samt andre daglege oppgåver og rutinar på natt
- Som sjukepleiar/vernepleiar ved avdelinga vil du ha varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og vere ein medverkar til å gje pasientar best mogleg behandling og opphald på avdelinga
- Samtalar og trygging av pasientar er ein viktig oppgåve
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Det er og relevant med vidareutdanning innan psykisk helse eller rus, men ingen krav
- Det er ønskjeleg at du har erfaring innanfor psykiatri, men ingen krav
- Du må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Du kan tilpasse eigen åtferd etter pasienten sine behov og veremåte
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevjane situasjonar
Vi tilbyr
- Eit ungt engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Eit meningsfylt arbeid som gjev fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons - og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Marianne Grønhaug Ekren, Seksjonsleiar, 55958745
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4194640645
Stillingsprosent: 85%
Fast
Startdato: 01.04.2020
Søknadsfrist: 29.02.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.