Omvisar i Lomskyrkja
Omvisarane må kunne ta omvisingar på engelsk og tysk, fransk eller eit anna relevant framandspråk i tillegg til norsk.
Særleg behov for språkkyndige innanfor andre språk enn engelsk.
Arbeidsoppgåver:
-Omvising, vakthald, reinhald og orden i kyrkja, og sal av billettar og informasjonsmateriell.
-Pliktig til å delta i opplæring og organiserte møte og kurs i tilsetjingsperioden.
-Det vert lagt særleg vekt på god orden og høvisk framferd hjå dei som skal tilsetjast.
Tilsetjingsperiode 2020:
1. 11.05-07.06. og 07.09-27.09. Arb.tid 1000-1600
2. Etter vaktliste i perioden 08.06. – 08.09.
Søknaden må innehalde opplysingar om perioden du ynskjer å arbeide, språkkunnskap og eventuelt ferieynskje.
Ferie ut over det som er avtalt i arbeidsavtala kan ikkje påreknast.
Felles ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø
For nærare opplysingar kontakt kyrkjeverja tlf: 481 65 527
Søknad med vitnemål og attestar til: Kyrkjeverja i Lom, Postboks 177. 2688 Lom
Søknadsfrist 24. februar 2020