Sjukepleiar i ambulerande heimetenester vikariat 80 %
Stillingsannonsen er inaktiv.Volda kommune, Heimetenester
Stormyra 2, 6102 Volda
Org. nr: - Stillingsident: 4160974029 Presentasjon av stillingen:
Vi treng ein sjukepleiar til på laget vårt! Arbeidsstaden er for tida ambulerande heimetenester i Volda. Ledig vikariat frå 01.02.2020 - 21.03.2021. Stillinga har for tida todelt turnus med arbeid på helg, men vert truleg gjort om til tredelt turnus. Ambulerande heimetenester er ei eining med høg kompetanse som yter tenester til heimebuande i Volda. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar ilag med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Vi har mentorordning for nytilsette. Arbeidsdagane er varierte, og vi har ein arbeidsplass med takhøgde og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Yte helse- og omsorgstenester til personar i private heimar, som t.d. kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i
alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke pasientar.
Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og
andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene.
Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sine verdiar: RAUS -- MODIG -- KOMPETENT -- LÆRANDE
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar. Oppgi HPR-nr. i søknaden
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. (Norsktest nivå B2)
Kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose
Kjennskap til journalsystemet Gerica og at du har generelt gode datakunnskaper er ein fordel
Søkjar må ha førerkort kl B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som er: Kreativ, effektiv og løysingsorientert, har godt humør og gode kommunikasjonsevne. Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder. Du må i tillegg vere endringsvillig og gjerne ha variert praksis.
Du fungerer godt i teamarbeid og har evna til å delegere arbeidsoppgåver.
Du må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg
Du er ansvarsbevisst og løysingsfokusert.
Du er fleksibel og liker utfordringar.
*
*
*
Vi tilbyr
Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag! Heilheitleg oppfølging av brukarar.
Tverrfagleg lagarbeid: vi har demensteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar,
kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Tilgang til e-læringkurs frå NHI
Fokus på relevant kompetanseutvikling.
Fleksibel arbeidsplass med høve til jobbrotasjon
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
Stillingskode 717400 sjukepleiar.
Kontaktinformasjon
Astrid Dimmen, Avdelingsleiar heimetenestene, 95770524, astrid.dimmen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Stormyra 2
6102 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4160974029
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.02.2020
Sluttdato: 21.03.2021
Søknadsfrist: 10.12.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimetenester
Adresse
Barstadmarka 4, 6102 Volda
Volda kommune ligg sentralt på Sunnmøre, med sjukehus og høgskule i umiddelbar nærleik. Kvart år kjem 4000 studentar og set sitt preg på lokalsamfunnet. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom Kvivstunellen og Eiksundsambandet. Frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden går det direkteruter til Oslo og Bergen. Lokalsamfunnet er i utvikling og kommunen har spenstige samarbeidsprosjekt med idretten og Høgskulen i Volda om ny idrettshall og nytt mediebygg. Volda og Hornindal kommune skal slå seg saman, og den nye organisasjonen skal vere på plass 1.1.2020.
I Volda kommune er det om lag 1000 dyktige og engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for kommunen sine innbyggjarar. I det daglege arbeidet vil vi vere rause, modige, kompetente og lærande. Ønskjer du ein meiningsfylt jobb med utfordrande oppgåver og gode kollegaer, er Volda kommune eit spanande alternativ.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. februar 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4160974029_Volda kommune, Heimetenester_webcruiter
Stillingsnummer: 688b4faf-cb30-4aac-9083-05b00733bc7c