NAV Vestland søker jobbspesialister til region Vest - NAV
Er du energisk og uredd? Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggjar som vil jobba med rekruttering og inkludering? Har du tru på at alle menneske kan få og halda på ordinært arbeid? Då er du sannsynlegvis akkurat den personen vi leitar etter.
Vi har ledig to faste stillinger som jobbspesialistar i Region Vest. Stillingane blir del av eit team på tre jobbspesialistar. Jobbspesialistane arbeider for å nå målsettinga om auka arbeidsinkludering og arbeider etter Supported Employment metodikk (SE).Jobben inneber tett oppfølging av arbeidssøkjarar og mykje tid ute hos arbeidsgjevarar. Vi søker etter jobbspesialistar som vil jobbe i eit aktivt og engasjerande miljø.
Region Vest består av tre NAV kontor; NAV Fjell, NAV Sund og NAV Øygarden. Jobbspesialiststillingane er tilknytta NAV Fjell som er lokalisert sentralt på Straume i Fjell Rådhus.
Arbeidsoppgåver
- Du skal oppsøke bedriftar, skape dialog med arbeidsgjevarar og bygge nettverk både lokalt og regionalt
- Du skal vere ein pådrivar for å finne gode løysingar i ordinært arbeidsliv
- Du skal engasjere og motivere arbeidssøkjarer og arbeidsgjevarar
- Du skal ha tett samhandling med jobbrettleiarane regionen
- Du skal følgje opp 15-20 arbeidsøkjarar med definerte målkrav om overgang til arbeid
- Nytte kompetansen og entusiasmen din saman med dei andre jobbspesialistane
Kvalifikasjonar
- Treårig relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Vilje til oppsøkjande verksemd og nettverksbygging
- Helst erfaring med bruk av SE-metodikk
- Det er ein fordel med god kunnskap om arbeidsmarknaden lokalt og regionalt
- Gode rettleiingsferdigheiter
- Gode forhandlingsevne
Utdanningsretning
- Psykologi
- Human Resources
- Sosiologi
- Medisin/Helse/Sosialfag
Personlege Eigenskapar
- Gode sosiale ferdigheter og evne til å skape tillit hos eit mangfald av menneske
- Er intitiativrik, strukturert og god gjennomføringsevne
- Har stor arbeidskapasitet
- Er en lagspelar som medverkar til gode resultat
- Er lærevillig og audmjuk
- Evne til å byggje relasjoner og skape motivasjon
Vi tilbyr
- Moglegheit til å utgjere ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Spennande jobb i et innovativt arbeidsmiljø prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- Eit godt arbeidsmiljø i eit kontor med høgt tempo
- God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (fra løna trekkes 2%)
- Lønn med stillingskode Rådgjevar1434, lønsspenn kr. 472 300 - 497 000kr. per år etter statens lønnsregulativ. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vurderast.
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Nina-Susanne Andersen, Leiar region Vest, 971 69 980, nina.andersen@nav.no
Kari Mette Fedje, Avdelingsleiar, 934 23 727, kari.mette.Fedje@nav.no
Arbeidsstad
Straume
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:NAV
Ref. nr.:4043395523
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2019
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 01.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4043395523&company_id=2806504927&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
Vi ynskjer ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hjå oss. NAV er IA-verksemd og vi tilrettelegg arbeidsforholda om du har behov for dette.