Dagleg leiar
Org. nr: - Stillingsident: 4122264017 Presentasjon av stillingen:
Dagleg leiar i Os kyrkjelyd.
Os sokneråd søkar dagleg leiar i Os sokn! Stillinga er på opptil 100% og er ei fast stilling. Os kyrkjelyd har eit rikt og omfattande kyrkjelydsarbeid og ein dagleg leiar er sentral for å bidra til samhandling mellom tilsette, frivillige og soknerådet. Vår leiar må kunne ha visjonar for kyrkjelydsarbeidet, arbeide sjølvstendig, og vere strukturert. Arbeidet inneber også merkantile oppgåver og praktiske oppgåver knytt til kyrkjelydsarbeidet. Noko kveld- og helgearbeid må påreknast.
Os sokn har samanfallande grenser med Os kommune. Det bur i overkant av 20.000 menneske i Os og om lag 80 % av desse er medlemmer i Den norske kyrkja (DnK). Soknet har 2 kyrkjer og Tunet, eit moderne og tenleg kyrkje- og kultursenter sentralt i Os. Kontorfløy med gode arbeidsplassar er knytt til Tunet. Staben i Os består per i dag av 19 heiltids- og deltidstilsette, kor den daglege leiaren vil ha personalansvar for omlag 10 personer.
I januar 2020 blir kommunane Os og Fusa slått saman til Bjørnafjorden kommune. Det inneber også at eit nytt fellesråd etablerast, Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd. I oppbygginga av den nye organisasjonen må endringar i oppgåver påreknast og fleksibilitet i forhold til dette er viktig. Dagleg leiar i Os vil ha kyrkjeverja i Bjørnafjorden som sin næraste leiar.
Arbeidsoppgaver
- Dagleg leiing og utvikling av soknerådet si verksemd
- Sakshandsaming og sekretærfunksjon for Os sokneråd
- Personalansvar
- Leie, koordinere og organisere aktivitetane innanfor soknet sitt ansvarsområde
- Økonomisk og administrativt leiaransvar,
- Jobbe for ei samkøyring mellom tilsette, frivillige medarbeidarar og soknerådet
- Informasjonsansvarleg, Gjevarteneste
- Arbeid knytt til Tunet kyrkje- og kultursenter
- Merkantile oppgåver
- Praktiske arbeidsoppgåver knytt til kyrkjelydsretta arbeid
Kvalifikasjonar og eigenskaper
-
Relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Fortrinnsvis innafor fagområda leiing, økonomi eller administrasjon. Søkjarar med anna relevant utdanning/praksis kan vurderast
-
Erfaring med personalansvar
-
God økonomiforståing
-
God vurderingsevne og evne til å utføre arbeidet på ein sjølvstendig, effektiv og kvalitativ god måte
-
Gode samarbeidsevner
-
God kjennskap til ulike dataverktøy
-
Erfaring frå tilsvarande arbeid innafor kyrkje og kyrkjelyd
-
Samlande leiarstil som byggjer tillit internt/eksternt
-
Søkjarar må vere medlem av Den norske kyrkja, og må identifisera seg med kyrkja si tru og vedkjenning
Personleg eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfylt og utfordrande leiarstilling i ein organisasjon med dyktige og motiverte medarbeidarar
- Gode og tenlege kontorforhold
- Løn og øvrige vilkår etter nærare avtale
- God pensjonsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Kristine Fjeld, Kyrkjeverge, 414 26 859
Arbeidssted
Kyrkjetunet
5200 Os
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Os sokneråd
Referansenr.:4122264017
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 16.09.2019