Overlege i kardiologi
Org. nr: - Stillingsident: 4352280336 Presentasjon av stillingen:
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, på Stord, i Haugesund og på Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du følge linken www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Haugesund sjukehus har ledig ein fast stilling som overlege i kardiologi frå april 2021, tidspunkt kan evt endrast etter avtale.
Haugesund sjukehus har klinikkar for medisin (inkl. barn og nyfødd), kirurgi (inkl. føde/gyn og fertilitet), psykisk helsevern og medisinsk service (inkl.radiologi, klinisk kjemi og patologi). Medisinsk klinikk omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, rehabilitering og lærings- og meistringssenter. Klinikken er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nefrologi, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi og geriatri. Det er og nyleg søkt om godkjenning innan blodsjukdommar.
Innan indremedisin har vi 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar.
Fagområdet kardiologi er organisert under Hjarte- og lungeavdelinga som igjen er ein del av medisinsk klinikk. Det er pr i dag 16 sengeplassar som er regna under fagområdet kardiologi, derav 6 sengeplasser regna til medisinsk intermediær overvaking (MIO). Totalt sett dekker seksjonen det aller meste av fagfelta innan hjartesjukdomar unntatt invasiv kardiologi og andre spesialiserte undersøkingar. Eininga har ansvar for innlegging av pacemaker i Helse-Fonna.
Det er stor aktivitet ved kardiologisk poliklinikk som har ansvar for utreiing og oppfølging av pasientar med hjartesjukdomar i regionen. Det er nyleg etablert hastepoliklinikk for å gje raskare forløp for pasientar med mistanke om koronarsjukdom. Det er eit godt fagleg miljø innanfor fagområdet kardiologi. Det er totalt 5 overlegestillingar der 4 av desse er besett av erfarne kardiologar. Det er fleire legar i utdanning innan indremedisin og kardiologi. Det er tett samarbeid med spesialsjukepleiarar innan kardiologi og intensiv. Deltaking i felles indremedisinsk vaktlag vil vera del av stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Vaktarbeid. Dagteneste på hjartepost/MIO og i kardiologisk poliklinikk.
- Overlegane går pr i dag 15-delt vakt i felles indremedisinsk vaktlag.
- Samarbeid på tvers av avdelingar og tverrfaglege yrkesgrupper.
Kvalifikasjonar (overskrift)
-
Vi søkjer ein overlege som er godkjend spesialist i indremedisin og kardiologi.
-
Legar som er i utdanning og kan få spesialistgodkjenning innan 1-2 år er velkomne til å søkje.
-
Vi søkjer ein overlege i hjartesjukdommar som ønsker å arbeide tett på pasientane og utvikle faget i eit godt kollegialt miljø.
-
Du har engasjement for fagfeltetet /pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din.
-
Du kommuniser og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
-
Du har god fagleg vurderingsevne, arbeidar målretta og strukturert.
-
Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.
-
Personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.
-
Høgt fagleg nivå med rom for ytterlegare fagleg utvikling.
-
Ein aktivt avdeling med spanande og utfordrande oppgåver.
-
Godt arbeidsmiljø.
-
Legger til rette for og prioriterer forskning og utvikling.
-
Avdelinga har organisert internundervisning i hjartesjukdommar og klinikken i indremedisin.
-
Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale.
Andre opplysningar
- Reiseaktivitet: Ingen reiseverksemd til andre sjukehus er påkrevd
Kontaktinformasjon
Eva Karin Schmidt, Avdelingsleiar, 45223879, eva.karin.schmidt@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4352280336
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.