Hardanger folkemuseum og Agatunet søker arenaansvarleg for Agatunet
Hardanger folkemuseum
Aga, 5776 Nå, Ullensvang, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Vertskap
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. desember
Send søknad til
Agatunet er eit nasjonalt kulturminne med 30 freda bygningar midt i hjarta av Hardanger. Tunet er ein viktig kulturarena med lokal forankring. Me har faste opningstidar frå mai til september og er elles ope etter avtale. Me tilbyr omvisingar, faste og skiftande, aktuelle kunst- og kulturhistoriske utstillingar, konsertar, føredrag og kurs. Me har eige leikerom for born og ein sjarmerande kafe med eit utval både søtmat og saltmat, samt ein liten museumsbutikk. Me samarbeider med både frivillege og andre aktørar, er med i tilbod knytt til siderbåten, og tilbyr sidersmaking. Me held arrangement som møter og selskap, til dømes konfirmasjon og vigsler/bryllaup.
Stadig fleire besøkande har lagt turen innom det autentiske klyngetunet dei siste åra, og i 2023 var ca. 6100 gjester på vitjing. Agatunet ligg sentralt plassert i ein region i medvind med tyngre satsingar innan både reiseliv, siderproduksjon og teknologi. Det skjer i Hardanger!
Tunet er mellom dei få godt bevarte vestnorske klyngetuna, og inneheld det eldste kjende rettslokalet i Noreg -- Lagmannsstova. Stova tilhøyrde i si tid den norske ridderen, lagmannen og riksråden Sigurd Brynjulvsson Aga (1235 -- 1303). Agatunet er ein unik stad, og sentrale tema for formidlinga her er mellomalder, rettshistorie, fruktdyrking og handel, klyngetun og jordskifte, byggeskikk og bygningsvern.
ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER-
Operativt driftsansvar i Agatunet, herunder arrangement, utleige og selskap
-
Ansvar for vaktliste og oppfølgjing av sesongtilsette og ringevikarar
-
Drift av kafe og museumsbutikk med kassaansvar
-
Erfaring frå operativt arbeid, gjerne frå service eller reiselivsbransje
-
Gode kommunikasjonsevner i både norsk og engelsk
-
Interesse for kultur og historie
-
Strukturert og fleksibel
-
Sjølvstendig
-
Gode samarbeidsevner
-
Sosial og omgjengelig relasjonsbyggjar
Stillingsprosenten er 50%, men vil fordelast med 100% i sommarhalvåret og ein lågare prosent i vinterhalvåret. Nøyaktig fastsetjing av vekting blir til i møte med aktuell kandidat.
ME KAN TILBY:-
Utfordrande og varierande arbeidsoppgåver ved eit aktivt museum som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar
-
Løn etter avtale
Hardanger og Voss museum som organisasjon skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i det norske samfunnet. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing av tilsette i høve alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Søknad kan sendast til: personal@hvm.museum.no, innan 31.12.2024
Spørsmål i høve stillinga kan rettast til avd. leiar Ingvild Hauso, tlf. 900 78 277.
Sjå og nettstaden www.hardangerogvossmuseum.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Agatunet er eigd av Stiftelsen Agatunet. Hardanger folkemuseum står for den daglege drifta av arenaen. Som arenaansvarleg i Agatunet samarbeider du med mellom andre formidlingsleiar ved Agatunet/Hardanger folkemuseum, bygningsvernkonsulent og handverkar. Arenaansvarleg har styrar ved Hardanger folkemuseum/Agatunet som overordna.
Hardanger folkemuseum er regionsmuseum i Hardanger. Museet er del av det konsoliderte museet Hardanger og Voss museum.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794337
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
684bd173-83c8-4fcd-a05e-3c35fcd1d6ae