Lege i spesialisering
Org. nr: - Stillingsident: 4197810200 Presentasjon av stillingen:
Psykiatrisk klinikk har ledig to faste stillingar (100%) som lege i spesialisering frå 16.03.2020.
- Fast 100% stilling - Rus døgn, Tronvik
- Fast 100% stilling - Sengepost i Førde
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for 13 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har 16 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.
Våren 2021 flyttar vi inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. Rus døgn vil fortsatt vere på Tronvik. Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde.
Ber opplyst i søknaden kva stilling ein søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
- Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
- Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
- Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Søkjar må ha førerkort i klasse B
- Ferdig med LIS1 teneste. Søker utan LIS1,men med relevant praksis kan vurderast til vikariat.
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Faglig og personlig utvikling
- Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips
Kontaktinformasjon
Evy Helen Helleseth, Seksjonsleiar legar, (+47) 578 39 470
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Førde
Referansenr.:4197810200
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 16.03.2020
Søknadsfrist: 04.03.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.