Sjukepleiar på Ortopedisk Sengepost
Org. nr: - Stillingsident: 4354772022 Presentasjon av stillingen:
Ortopedisk sengepost har omlag 35 årsverk fordelt på sjukepleiarar og hjelpepleiarar.
Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande område:
- Traumatologi
- Handkirurgi
- Skulderkirurgi
- Protesekirurgi -- hofte, kne, skulder
- Fotkirurgi
Vi har følgjande stillingar ledige:
- 2 x 80% vikariat frå 01.04.2021 - 01.10.2021.
Arbeidsoppgåver
- Mottak av pasientar, risikovurdering og kartlegging av hjelpebehov
- Informasjon og opplæring av pasientar og pårørande
- Pre- og postoperativ pleie tilpassa ulike behandlingar
- Observasjonar, triagering og målingar av vitale parameter
- Gruppeleiarfunksjon
- Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
- 3-delt turnus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Relevant sjukehuserfaring
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og engasjert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Likar å lære nye ting
- Trivst i eit hektisk miljø
- Er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjon og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Joanna Galek, Seksjonsleiar, (+47) 900 91 048
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4354772022
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 01.04.2021
Sluttdato: 01.10.2021
Søknadsfrist: 15.03.2021
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.