Software / Automasjonsingeniør
Stillingsannonsen er inaktiv.Evotec AS
Ulsteinvik
Grunna aukande oppdragsmengd søkjer vi no etter Software/Automasjonsingeniør til vår tekniske avdeling. Du vil inngå i eit tverrfagleg team og vere ein bidragsytar innan utvikling og realisering av eksisterande og nye automasjonsløysingar
Vi leverer prosjekt til mange marknadsområde og kundar over heile verda, og skal vere ein leverandør som følgjer kundane tett i heile levetida til fartøy og utstyr.
Stillinga har følgande ansvarsområde og hovudoppgåver:
• Parameterisere/Setje saman produktspesifikke kontrollsystem på PLS
• Lage og tilpasse nye PLS funksjonar etter behov
• Setje opp grafisk grensesnitt mellom PLS og kunde
• Være med på å utvikle nye innovative løysingar for automasjon
• Support og fagleg støtte til andre avdelingar i selskapet
• Delta på oppstart av anlegg inne og ute ved behov
Følgande kvalifikasjonar og personlege eigenskapar vil bli vektlagt:
• Grunnleggande god teknisk utdanning (Teknisk Fagskule/Bachelor/Master)
• God kunnskap om PLS programmering
• God kommunikasjonsevne, munnleg og skrifteleg på norsk og engelsk
• Relevant og gjerne praktisk erfaring frå maritim næring/industri er ein fordel
• Teknisk forståing, nysgjerrigheit og interesse
• Evne til å jobbe strukturert og samtidig være effektiv og ha beslutningsevne
• Trivast under press og ha stor gjennomføringsevne
• Fungere og trivast både åleine og som del av eit team
Du vil komme inn i eit godt arbeidsmiljø der alle vil kunne søke utfordringar og personleg utvikling.
For oss er rett profil viktigare enn kjønn og alder, så om du kjenner at vi treff deg i beskrivelsen, så oppfordrar vi deg til å søkje. Nyutdanna er og velkomne til å søkje på denne stillinga.
Stillinga vil rapportere til Engineering Manager
Arbeidsstad: Ulsteinvik.
Lønn: Konkurransedyktige betingelsar. Lønn etter kvalifikasjonar / nærare avtale.
For meir informasjon om stillinga, kontakt Stian Albertsen på tlf. (+47) 472 52 974
eller Per Birger Nakken på tlf. (+47) 915 82 168.
Vi vil handtere søkjarar fortløpande.
Søknadsfrist: 20.06.2021.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Evotec AS
Adresse
Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik
Evotec AS er i dag ein del av Entec Group, og utviklar og leverer komplette system og handteringsløysingar til kundar innanfor fiskeri/akvakultur, marine forsking, seismikk og offshore. Ein stor del av det vi leverer er basert på kunderetta tilpassing og utvikling av løysingar. Vi er ca. 50 tilsette og held til i moderne kontor -og produksjonslokale i Ulsteinvik.
Du kan lese meir her
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Privat
Sist endret: 21. juni 2021
Hentet fra: POLARIS
Referanse: 24069
Stillingsnummer: 67fcb0fb-1411-4f86-8ae8-8401c5b5a2eb