Brukarstyrt personleg assistent
Org. nr: - Stillingsident: 4368174711 Presentasjon av stillingen:
Me har ledig stilling i Bømlo heimeteneste - Brukarstyrt personleg assistent
Søkjer herved etter brukarstyrt personleg assistent til kvinne på rundt 60 år på Moster. 6 timer per veke, fordelt på 2 dagar.
Bømlo heimeteneste organiserer tilbod om heimesjukepleie, heimerehabilitering, praktisk bistand, dagtilbod for eldre, og brukarstyrt personleg assistent. Mål for heimetenesta er at brukarane skal få hjelp/bistand til å meistre eige liv i eigen heim eller anna tilrettelagt bustad.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er hovudsakleg husarbeid, handling og kjøring til sosiale aktiviteter (brukar har eigen bil).
Kvalifikasjonar
Stillinga krev ingen formell utdanning, det viktigaste er at me har ein god kjemi/dialog og at du meistrar dei gitte oppgåvene.
Førarkort
Personlege eigenskapar
Søkjaren må jobba sjølvstendig og i tillegg vera god til å overhalde avtaler, men må også rekna med at avtaler moglegeins kan verta endra på kort varsel på grunn av brukarens dagsform. BPA-brukaren vel sjølv sin assistent i samråd med Bømlo heimeteneste.
Kontaktinformasjon
Elin Akse Vik, Avdelingsleiar, 53 42 34 45, elin.akse.vik@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
5440
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4368174711
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.