ID 1794 Prosjektleiar - Stord kommunale eigedom
Stord kommunale eigedom har ansvar for eigedomsforvaltning av alle kommunale eigedomar i Stord kommune. Me har mange spanande byggeprosjekt i åra framover, og treng ein dyktig prosjektleiar til å fylja opp desse prosjekta.
Ved Stord kommunale eigedom er det ledig 100 % fast stilling som prosjektleiar.
Sentrale oppgåver:
- Planlegging, styring og oppfølging/prosjektleiing av kommunale utbyggingsprosjekt
- Vidareutvikla HMT- og kvalitetssikringssystem for utbyggingsprosjekt
- Budsjett ansvar i samsvar med mandat i kvart prosjekt.
Relevant bakgrunn:
- Siv. Ingeniør/ Ingeniør med byggteknisk utdanning frå høgskule/universitet.
- Lang relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning
- Kjennskap til plan- og bygningslova og lov om offentlige anskaffelsar
- Kjennskap til Norsk standard for bygg og anlegg
- Relevant erfaring med prosjektleiing
Eigenskapar:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevner
- Erfaring med bruk av dataverktøy
- Kunne ta initiativ og arbeida sjølvstendig
- Kunne engasjera og motivere medarbeidarar
Me kan tilby:
- Løn etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Ein spanande jobb der leiaransvaret er kombinert med faglege utfordringar
- Samarbeid med mange kompetente og engasjerte medarbeidarar i ein aktiv organisasjon med eit uformelt arbeidsmiljø
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Løn og arbeidsvilkår etter avtale. Ved tilsetjing vert personelege eigenskapar vektlagt. Nyutdanna vert oppmoda om å søkja.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.