Anestesisjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4216473251 Presentasjon av stillingen:
Kan du tenke deg å busette deg på øya Stord? Her bur du nær havet og vakre vestlandsfjell, tett på byliv med restaurantar, butikkar, kultursenter og idrettsanlegg.
Sjukehuset på Stord har eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar. Avdelinga har om lag 2500 anestesiar kvart år og tener generell kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, samt tannbehandling, ØNH og urologiske inngrep. Som anestesisjukepleiar ved Stord sjukehus inngår ein i gjeldande turnus der det er vaktordning med nattarbeid (tilstedevakt og passiv tid etter midnatt). Stillinga inkluderer også helgearbeid.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsdagen er variert. Vi gir anestesi ved elektiv kirurgi innan ortopedi, heile spekteret av gynekologiske operasjonar og generell kirurgi (varicer, hernie, cholesystectomi etc) Anestesisjukepleiarane våre er ein del av traumeteam, stansteam, medisinsk basisteam og team for resuscitering av nyfødde.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan anestesisjukepleie
- Gode språkkunnskapar er eit krav. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
Kontaktinformasjon
Anne-Grete Bjelland Livingston, Funksjonsleiar Pleie, 47335464, anne-grete.bjelland.livingston@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4216473251
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2020
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.