Vernepleiar
100% stilling ved Svingen og Reini bufellesskap. ID 1919
Søknadsfrist: 09.07.21
Tenester for funksjonshemma er lokalisert i to bygg, Svingen og Reini bufellesskap. Svingen har 11 bueiningar og døgnkontinuerleg drift. Reini har 4 bueiningar med bemanning delar av døgnet.
Me er opptekne av å gje gode og tilpassa tenestar til våre tenestemottakarar som er av ulik alder og har ulike funksjonshemmingar. Sentralt for arbeidet i avdelinga er tilrettelegging i tråd med den enkelte bebuar sine behov, bidra til sjølvstende, inkludering og deltaking.
Me legg vekt på endrings- og utviklingarbeid med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi.
Me søkjer deg som:
- Er autorisert vernepleiar med interesse for fagfeltet
- Er fleksibel og ansvarsbevisst, med evne til nytenking
- Er strukturert i din arbeidsform
- Har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Vil vere ein positiv kraft og haldningsberar i avdelinga
Erfaring frå tilsvarande arbeid, og med helse og omsorgtjenesteloven kap. 9 er ein fordel
Arbeidsoppgåver:
I tillegg til å delta i dei ordinære oppgåvene i avdelinga:
- Fagleg ansvar i tråd med kompetanse
- Utvikling og oppfylging av tiltak og planar - internt og i samarbeid med andre, ivareta koordinatorfunksjon
- Rettleiing til personalgruppa i faglege spørsmål
- Utviklings- og kvalitetsarbeid
Vi nyttar dokumentasjonsprogrammet Profil, personaladministrasjonssystemet GAT og kvalitetssystemet Compilo.
Har du spørsmål om stillinga, kontakt avdelingsleiar Unn-Merethe Nordby på tlf. 947 96 515,
unn-merethe.nordby@vinje.kommune.no
Dersom det blir fleire ledige stillingar, tilset me og i desse.
I samsvar med offentleglova § 25, kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema. Skjema finn du her