Assisterande rektor 19/723
Bore skule har ledig fast stilling i 100 % som assisterande rektor hvor 70 % av stillinga er administrasjon.
Ass.rektor vil vere sentral i skulen sitt utviklingsarbeid og i den daglege drifta. Det vil bli lagt vekt på gode samarbeidsevner og evne til styring og leiing av personalet. Me ønskjer søkjarar som har mot til å meina, er tydelege og engasjerte. Me vil ha ein ass.rektor som er oppteken av elevane sin trivsel og meistring og også av elevane sitt læringsutbytte.
Rektor og ass.rektor vil fordela arbeidsoppgåvene seg i mellom på bakgrunn av kompetanse og erfaring.
Du må vera pedagogisk utdanna, og det er ein fordel med noko leiarerfaing og IKT kompetanse. Du vil inngå i leiarteamet, og det vil bli lagt vekt på gode samarbeidsevner, god kommunikasjon og erfaring frå barnetrinnet.
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.