Sjukepleiar
Er du nyutdanna eller erfaren sjukepleiar og har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorga? Då er du velkomen til å søke stilling hos oss!
Korttidseininga har 18 plassar for korttid/avlasting/palliativ/rehabilitering. Vi har pasientar med ulikt hjelpebehov og samansette diagnosar. Eininga er ein god arbeidsplass med høgt tempo og utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Vi har følgande ledige stillingar:
- 100 % fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus, ledig frå snarast
Krav til søkar:
- autorisert sjukepleiar
- samarbeidsvillig, engasjert, fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Vi søker deg:
- som har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorg
Søknaden må innehalde referanse.
Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Gunn Beathe Bruland, Mobil +47 479 70 742, Epost: gunn.beathe.bruland@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.