Sjukepleiarar
Stordal kommune har ledige stillingar som sjukepleiar:
• 140% stilling knytt til heimetenesta - dag og kveld
• 125% stilling knytt til institusjon/sjukeheim Stordalstunet - natt
Stordal kommune ligg ved Storfjorden i Møre og Romsdal. Kommunen byr på svært gode oppvekstvilkår, aktivt kulturliv og attraktive område for friluftsliv både sommar og vinter. Stordal er kjent for eit stort aktivitetstilbod for heile familien. Sterke kulturtradisjonar, engasjerte innbyggarar og sterk dugnadsinnsats kjenneteiknar samfunnet.
I kommunen er det om lag 150 tilsette fordelt på 105 årsverk. Frå 01.01.2020 slår kommunane Stordal og Norddal seg saman til Fjord kommune.
Stordalstunet er ein liten og oversikteleg institusjon som består av 19 institusjonsplassar med avlastningsopphald, korttidsopphald og langtidsopphald. Heimetenesta yter helse- og omsorgstenester i heile kommunen - personlig og praktisk bistand til heimebuande med ulike bistandsbehov. Det pågår no spennande utviklingsarbeid med fokus på velferdsteknologi i helse- og omsorgstenesta.
Stillingane inngår i todelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Vi vil i størst mogleg grad tilsette
i heile (100%) stillingar - så langt det let seg gjere av omsyn til turnus og oppgåver. Framfor å tilby reduserte stillingar ønskjer vi heller å tilby stillingar med oppgåver i både institusjon og heimeteneste.
Vi tilbyr utfordrande og variert arbeid.
Arbeidsoppgåver:
• Yte gode helsetenester til våre brukarar
• Sjukepleiefaglege oppgåver, både førebyggande arbeid og handtering av daglege og akutte situasjonar
Kvalifikasjonar:
• Norsk godkjent autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant etterutdanning
• Gode datakunnskaper
• Gode norskkunnskaper skriftlig og muntlig
• Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
• Engasjert, ansvarleg og tek initiativ
• Fleksibel
• Samarbeider godt med andre og er sjølvstendig
• Strukturert
• Oppdatert på eige fagområde og trivast med utviklingsarbeid
Personleg eignaheit til stillingane blir tillagt stor vekt.
Vi er opptatt av fagleg utvikling og tilbyr våre medarbeidarar gode moglegheiter for vidareutdanning gjennom stipendordning.
Vi tilbyr
• Tilsetjing-, løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Dato for tiltreding vert sett etter avtale.
Mellombels tilsetting kan bli vurdert ved mangel på søkjarar med ønska kvalifikasjonar.
Fleire opplysningar om stillingane får du hjå leiar på Stordalstunet, Grete Kvammen Tøsse (915 24 226) eller rådmann Anne Berit Løset (992 54 459). Søknad vedlagt CV vert å sende til postmottak@stordal.kommune.no eller til Stordal kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal.
Søknadsfrist 25.08.2019.
Om bedriften
Stordal kommune ligg ved Storfjorden på Sunnmøre og grensar til kommunane Rauma, Vestnes, Ørskog, Norddal, Stranda og Sykkylven. Kommunen sitt areal er på ca 249 km2, og pr 01.01.15 var det 1038 innbyggjarar i kommunen.Kommunesenteret ligg i Stordal, 6 mil frå næraste by - Ålesund.