Vinje sjukeheim - vikarbank
Vinje sjukeheim har ledig 2 x 75% fast stilling som sjukepleiar frå 01.11.20 - ID 1795
Søknadsfrist: 02.10.20
Fast stilling for sjukepleiar 2 x 75 % stilling : vikar ved fråvær på Vinje sjukeheim.
Stillingane har turnus med arbeid kvar tredje helg.
Krav til søkjar er autorisert sjukepleiar.
Det blir vektlagt gode evner for å kunne samarbeide og fleksibilitet!
Stillingane vil ikkje vera knytt til ei gruppe, men skal brukast fleksibelt i heile sjukeheimen.
Ved interne omrokeringar vert det tilsett også i desse.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Baiba Sheine tlf 95305641.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema.
Vi ynskjer deg velkomen som søkjar!