Jordmor
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Gulen kommune kjøper i dag jordmortenester i 20% stilling frå ein nabokommune. Den stillinga vert nytta til svangerskapsoppfølging fram til fødsel. Gulen kommune styrkar no jordmortenesta med prosjektmidlar for å ivareta ny nasjonal retningslinje, med mellom anna tidleg heimebesøk etter fødsel. Vi søkjer derfor etter jordmor i 20% mellombels stilling frå snarast og ut mars 2020.
Stillinga vil vere organisert under eining helse, og den tilsette vil jobbe tett saman med helsestasjonen. Kontorstad er helsesenteret i Eivindvik - i samlokalisering med legekontor, helsestasjon og psykisk helse og rus-tenesta.
Arbeidsoppgåver:
- Heimebesøk til mor og nyfødd
- Ammerettleiing og oppfølging i barseltida
- Barselgruppe
- Tverrfagleg samarbeid
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon og godkjenning som jordmor.
- Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Kan jobbe målretta, sjølvstendig og i team, samt vere fleksibel
- Gode samhandlings- og kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg, på norsk
- Fagleg engasjert
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innen pleie og omsorg, PU, i skule og barnehage, samt andre stillingar som arbeider med barn, vert det stilt krav om politiattest.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjarar høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar helse Elizabeth Høydal, Epost: elizabeth.hoydal@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "Samarbeid for utvikling!"