Einingsleiar
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som einingsleiar, for tida ved Brekke barnehage og skule. Stillinga er ledig frå 01.08.19, men vi ynskjer tidlegare oppstart for å sikre god overgang mellom avtroppande og ny leiar.
Brekke barnehage og skule er eitt av fire oppvekstsenter i Gulen kommune med 26 barn i barnehagen og 63 elevar frå 1. - 10. klasse. Eininga har eit godt barnehage- og skulemiljø med gode relasjonar mellom barn, elevar , føresett og tilsette. Både barnehagen og skulen nyttar lokalmiljøet som læringsarena og har felles uteområde nær knytt til sjø og fjell.
Eininga prioriterer:
- Friluftsaktivitetar
- Fysisk aktivitet i kvardagen
- Aktiv aktør i fellesarrangement i lokalmiljøet og for oppvekstsektoren i kommunen
- Kompetanseutvikling for tilsette
- Å ha lærlingar
Einingsleiaren og nestleiaren utgjer leiarteamet ved eininga, og det eit ynskje frå kommunen at leiarteamet har både barnehagefagleg og skulefagleg bakgrunn. Dei fire einingsleiarane på oppvekstsektoren og kommunalsjef oppvekst samarbeidar tett om ressursbruk, kvalitet og utvikling.
Arbeidsoppgåver:
- Leie og motivere til fagleg utviklingsarbeid
- Utøve god personal- og økonomileiing
- Syte for at eininga vert driven i samsvar med lov, føresegner og lokale politiske og administrative føringar
- Informasjon og rettleiing
- Delta i dagleg drift
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar:
- Krav om pedagogisk utdanning
- Det er ynskjeleg at søkjar har leiarutdanning, eller gjennomfører leiarutdanning innan avtalt tid
- Ynskjer om erfaring innan praktisk arbeid- og/eller leiing i barnehage eller skule
- Krav om god munnleg og skriftleg famstillingsevne
- Krav om førarkort kl B og disponering av bil
Personlege eigenskapar:
- Brekke barnehage og skule ynskjer ein einingsleiar som har gode evner til samarbeid, tar vare på dei gode tradisjonane ved eininga og er oppteken av utviklingsarbeid. Leiaren må vere fleksibel, sjå kvar enkelt, vere tydeleg, ta avgjersler og vise retning.
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Løn etter avtale
- Fadderordning
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp til å skaffe bustad
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Kommunalsjef Jan Ove Einebærholm, Tlf: 57782005, Epost: jan.ove.einebaerholm@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!