Rektor ved Stadlandet skule
Stillingsannonsen er inaktiv.OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune
Leikanger, 6740 Selje
Org. nr: - Stillingsident: 4264604731 Presentasjon av stillingen:
Stad kommune har ledig 100% fast stilling som rektor ved Stadlandet skule frå 01.10.2020.
Stadlandet skule er lokalisert på Sjåstad, ca. 1 km før Leikanger sentrum. Skulen er ein fådelt skule med 10 årstrinn og om lag 110 elevar. Det er 18 årsverk ved skulen fordelt på 24 tilsette. Bygda Leikanger er i vekst, og skulen opplever også vekst i elevtalet.
Stad kommune skal gje alle barna ei trygg og tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap. Vi søkjer etter ein utviklingsorientert rektor som vil leie arbeidet med å vidareutvikle skulen både fagleg og sosialt.
For Stad kommune er det viktig at leiarane våre har god samhandlingskompetanse. Eit godt samarbeid med føresette, andre kommunale einingar og lokalsamfunnet er viktig for at skulen skal kunne gje eit godt opplæringstilbud til elevane.
Meir informasjon om skulen finn du på nettstaden www.stad.kommune.no
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å utvikle eit godt fagleg og sosialt opplæringstilbod
- Ansvar for å drive gode utviklings-, forbetrings- og endringsprosessar
- Ansvar for å etablere ein god samarbeidskultur der ein lærer i lag
- Ansvar for gode system for rettleiing og kompetanseheving
- Ansvar for rekruttering av lærarar og andre tilsette ved skulen
- Ansvar for tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt
- Ansvar for omdømmebygging, informasjon og kommunikasjon
- Ansvar for budsjett, økonomi og tilsette
Kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Leiarutdanning gjennom rektorskulen, master i leiing eller tilsvarande
- Leiarerfaring og motivasjon til å vere leiar
- God rolle-, system- og organisasjonsforståing
- Kan bruke teamarbeid som arbeidsmetode
- Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
Personlege eigenskapar
- Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
- Har gode strategiske og analytiske evner
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
- God samhandlingskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
Vi tilbyr
- Vere med på å utforme det samla grunnskuletilbodet i Stad kommune
- Mentorordning
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeids- og fagmiljø
- God pensjons- og forsikringsordning
- Løn etter avtale
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Vi ber om at alle attestar og vitnemål vert last opp saman med søknaden. For nærare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med kommunalsjef Harald Sivertsen på tlf. 980 79 873.
Kontaktinformasjon
Harald Sivertsen, kommunalsjef oppvekst og opplæring, 98079873
Arbeidsstad
Leikanger
6740 Selje
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stad kommune
Referansenr.:4264604731
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune
Adresse
Sjåstad, 6750 Stadlandet
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 7. september 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4264604731_OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 667de384-d3eb-4c71-806b-9e4679eb8ab4