Lege i spesialisering
Org. nr: - Stillingsident: 4157586287 Presentasjon av stillingen:
Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) - Avrusing rusbehandling TSB Ålesund:
Vi har ledig to vikariat for lege i spesialisering (LIS):
100 % vikariat i perioden 01.02.2020 - 31.12.2020
100 % vikariat i perioden 01.03.2020 - 31.12.2020
Vi har per i dag 3 overlegar med spesialitet i rus- og avhengigheitsmedisin og 5 LIS-stillingar. Arbeidstid kl. 0800 - 1600 med sjudelt vaktordning. Passiv vakt frå kl. 1730 - 0800 med utrykning etter behov. Helgevakt med to timar aktiv teneste laurdag og søndag kvar 7. helg.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Mottak
- Abstinensbehandling
- Diagnostikk
- Medikamentvurderingar
- Behandlarmøter
- Utgreiingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid og anna pasientretta arbeid
- Undervisning
Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevne, både internt og eksternt
- Evne til å kunne arbeide tverrfagleg
- Vere personleg eigna
Vi tilbyr
- Spennande og interessant arbeidsplass
- Løn i samsvar med gjeldande avtaleverk
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Oddbjørg Bjørge, Overlege, Oddbjorg.Setrenes.Bjorge@helse-mr.no
Christian Hagen, LIS, 70171300, Christian.Hagen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Vestmoa 27
6018 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4157586287
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 30.11.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal