B-04 Barne- og ungdomsarbeider, 60 %, fast, Nedstrand barnehage
60% fast stilling frå 01.04.20
20% vikariat frå 01.04.20 t.o.m. 14.08.20
Beskriving av avdeling
Tysvær kommune eig og driv 7 barnehagar. Vi har fokus på kompetanseheving og kvalitet, og har eit høgt fagleg nivå. Tysvær kommune legg vekt på felles satsingsområde, samtidig som vi synest at det er viktig å ta vare på kvar enkelt barnehage sin særeigenskap. Vår visjon er "Aktivitet og Trivsel".
Nedstrand barnehage er ein avdelingsdreven barnehage. I tillegg til kommunens satsingsområder, har vi også mykje fokus på lokalkultur og nærmiljø. Vi held til "midt i smørauga" av flott natur både til fjells og sjø, og har skule, idrettsbane og eldresenter i nærheten som gir muligheter for eit ypperlig samarbeid med alle.
Derfor har vi som mål å ha "Glade barn i eit rikt miljø".
Kommunen ønskjer at barnehagane skal representera eit mangfald av menneske og oppfordrar særskilt menn til å søkje.
Krav til kompetanse
Den som blir tilsett må ha:
- godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeider
- godkjend politiattest
- norskkunnskapar på minst B1-nivå (snakke, lese og skrive så godt norsk at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine fullstendig)
- kunne bruke digitale arbeidsverktøy
Andre kvalifikasjonar som kan bli lagt vekt på
- livredningskurs
- annan formell vidareutdanning som er retta mot barn og unge
Personlege eigenskaper
Vi er på jakt etter deg som:
- samarbeider godt med både kollegaer og heim
- er fagleg dyktig, og har evne og vilje til vidare fagleg utvikling
- er positiv og interessert i å bidra til å auke kvaliteten i barnehagane ytterlegare
- er kreativ, løysingsfokusert og open for nye utfordringar
- står fram som ein autoritativ vaksen som kan sette positive grenser for barna
- er god på å bygge relasjonar og kommuniserer godt med både barn og vaksne
Arbeidsoppgåver
Mellom anna:
- ta vare på relasjonar mellom barna i grupper, barn og personale og personale og foreldre
- legge til rette for gode leik- og læringstilhøve
- planlegge, legge til rette, gjennomføre og dokumentere til en viss grad
- bidra til utvikling av pedagogisk arbeid i barnehagen
Vi tilbyr
Dersom du blir tilsett, kan vi tilby:
- god oppfølging av nye tilsette
- et godt fagleg miljø med nettverksgrupper på ulike fagområde
- Tysvær kommune er ein realfagskommune
- satsing på CLASS
- prosjektarbeid
- et godt system på kompetanseheving
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter tariff, og gode pensjons- og forsikringsordningar
- gode velferdsordningar
- Tysvær kommune er ein IA-bedrift
Tysvær kommune har fast tilsette vikarar i ein vikarpool. Desse tilsette blir plasserte i barnehagar som har behov for tilsette ved langtidsfråvær.
Ved interne endringar kan det bli ledig, fast stilling i vikarpoolen.
Slik søker du
Tysvær kommune mottar kun elektroniske søknader. Søk via linken oppe til høgre.
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52757000 dersom du treng hjelp til å søkje.
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Politiattest skal heller ikkje leggjast ved søknaden din. Godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månader ,må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar tiltrer stillinga. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen.