A-52 Ferievikar Tysværtunet aktivitet og omsorgssenter
Stillingsannonsen er inaktiv.Tysvær kommune
Tysværtunet aktivitet- og omsorgssenter
Beskrivelse av avdeling
Tysværtunet aktivitet og omsorgsenter er 1 av 3 institusjonar i kommunen.
Me har 12 korttidsplassar på institusjonen samt ansvar for heimebaserte tenester i ytre del av kommunen. Tysværtunet har også 4 plassar avsett til Øyeblikkelig hjelp
Tysværtunet har også ansvar for personleg assistanse i heimen rundt einskild brukarar.
Dei som vert tilsett må pårekne arbeid både ute i heimebaserte tenester og inne på institusjonen.
Vi søkjer
Vi søkjer etter sjukepleiarar, fagarbeidere, pleiemedarbeiderere, reinhald og assistenter
Me ønskjer at du som har nokre av desse utdanningane eller er student/elev søkjer som ferievikar hos oss.
Du som søkjer må være over 18 år og ha sertifikat.
I søknadsskjema er det viktig at du skriv opp kva stilling du søkjer og kva tidsrom du kan jobbe.
Arbeidsoppgåver
Stillinga inneberer at ein arbeidar både inne på institusjonen og i heimesjukepleien. Det er turnusjobbing med arbeid 3. kvar helg i alle stillingane.
Arbeidsoppgåvene er pleie og behandling innan korttidsavdelinga og i heimebaserte tenester, reinhald/vaskeri, kjøkkendrift og praktisk bistand.
Personlige egenskaper
Det vil bli lagt vekt på faglege ferdigheter, fleksibilitet og personlege eigenskaper.
I den daglege drifta legg me vekt på brukarfokus og fleksibilitet. Me ønskjer at du vil vera med å gjera kvardagen til brukarane våre meiningsfull.
Krav til kompetanse
Fagbrev som hjelpepleiar/omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar.
Sjukepleiar
Relevant arbeidserfaring.
Søkjarar med annan bakgrunn vert også vurdert.
Søkjar må være sosial og omgjengeleg. Det vert lagt vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
God norskkunnskap er viktig
Vi tilbyr
Eit spennande og variert fagmiljø.
Trivelig arbeidsmiljø.
Lønnsvilkår
Etter gjeldande avtale og regelverk.
Søknad sendes
Spørsmål kring korleis du søkjer kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.
Vitnemål og attestar skal kun takast med til evt.intervju, og desse blir dessverre ikkje returnerte.
Dersom det kjem fram i stillingsutlysinga krav om politiattest, skal det ihht gjeldande lovverk leggjast fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Det blir teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Tysvær kommune
Adresse
Rådhusvegen 9, 5570 Aksdal
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 15. april 2020
Hentet fra: Tysvær kommune
Referanse: stilling.tysver.kommune.no/recruitment/opening?0?3306
Stillingsnummer: 65c75943-5b72-403e-867e-db8252a4424d