Rekrutteringssak - Helgevaktstillingar sektor helse omsorg og sosial
Vi søkjer
Vikarar og faste tilsette som kan jobba i helger og feriar. Det er eit ynskje å knyta til seg studentar som held på med utdanning med tanke på framtidig rekruttering i kommunen.
Kvinnherad kommune vil som ledd i rekrutteringsarbeid tilby ordning med stipendløn for sjukepleiarstudentar, vernepleiarstudentar, fysioterapistudentar, ergoterapistudentar, lærarstudentar og sosialfaglig høgskuleutdanning/studentar. Dette vil væra eit alternativ til dei ordningane som allereie fins i strategisk kompetanseplan og ordningane kan ikkje kombinerast.
Stipendordning:
Er ei ordning der studentar får eit stipend på kr. 2000,- kvar mnd. i tillegg til ordinær løn for fast helg og ferievikariat. For å få ei slik avtale må det lagast avtale mellom student og Kvinnherad kommune. Avtalen følger skuleåret og forutsetter at studenten bininder seg til helgearbeid ca. 13 % stilling med arbeid 14 helger pr. år og ferievikariat med minimum varighet på 5 veker i 80 - 100 % stilling. Helger i sommarvikariatet tel med talet på helger ein skal jobbe i løpet av året. Det er mogeleg å arbeida inn helger om dette lar seg gjera for avdelinga sin drift om studenten har behov for dette t.d. i samband med praksisperiodar.
Bindingstida er 12 månader frå oppstart av ordninga.
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Ansvarsfull og nøyaktig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Link til søknadsskjema: Send søknad