Arbeidsleiar ved Dagsenteret 100 % fast stilling
Dagsenteret gir tilbod til heimebuande eldre, og har eit nært samarbeid med frivillige. Det er 2,5 årsverk og Dagsenteret har som oppgåve å legge til rette for ein aktiv og triveleg kvardag gjennom meiningsfulle og tilpassa aktivitetar for brukarane. Både brukarar og pårørande set stor pris på tilbodet som Dagsenteret gir.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar
- Sørge for den daglege drifta i samarbeid med dei andre tilsette
- Samarbeide med frivillige og pårørande
- Organisere brukargruppene
- Sørge for at bruker får ein god og aktiv dag etter funksjonsnivå
- Samarbeide med heimetenesta og psykisk helseteneste
- Koordinere frivillige som vil bidra
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev innafor helsefag
- Helst utdanning innan demens og geriatri
- Erfaring med IKT som arbeidsverktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi søkjer deg som:
- Har erfaring og forståing for ulike brukargrupper sine behov
- Er tydeleg, målretta og positiv, med gode evner til å kommunisere
- Har erfaring med driftsoppgåver
- Har evne til dialog og samarbeid
- Kan inspirere, motivere og rettleie dei tilsette
Vi tilbyr:
- mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
- fagleg rettleiing og moglegheit for vidareutdanning
- løn og tilsetjingsvilkår etter avtale
- god pensjonsordning
Politiattest må leggast fram
Anna:
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Stian Røstberg via Tenestetorget 32029000.
Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på den e-posten som vi bruker for å sende deg lønsslipp.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Om bedriften
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.