Dagleg leiar
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva til dagleg leiar er å sikre at det vert ytt god service til Ulstein kommune som eigar av selskapet
- Forsvarleg økonomistyring både kostnadsmessig og forretningsmessig
- Strategiarbeid i samarbeid med styret
- Saksførebuing og presentasjonar til styret og politiske organ
- Personalleiing
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med utdanning innan økonomi og gjerne med tilleggsutdanning innan leiing og/eller prosjektleiing.
Leiarerfaring og erfaring frå prosjektarbeid, prosjektrapportering og økonomistyring med gode resultat, vert vektlagt.
Kompetanse om offentleg forvaltning og offentlege innkjøpsreglar vil vere ein styrke.
Personlege eigenskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Administrasjonsspråket er nynorsk
- Må vere omgjengeleg, utviklingsorientert og bidra til å bygge og utvikle gode relasjonar til tilsette, samarbeidspartar, administrasjon, politikarar og presse
- Det vert lagt vekt på serviceinnstilling, samt interesse og evne til å ta i bruk ny teknologi. Dagleg leiar må helst like høgt tempo og stor variasjon i oppgåver
Vi tilbyr
Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP
Fleksibel arbeidstid og gode kontorfasilitetar i Ulsteinvik sentrum.
Spennande og variert arbeid med høve til å styre utviklinga av eit selskap som har betydning for lokalsamfunnet.
Godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar og samarbeidspartar.
Kontaktinformasjon
Kari Riise, Personalleiar, 99268701Arbeidsstad
Sjøgata 326065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein Eigedomsselskap KFReferansenr.:4549622040
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.08.2022
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.