Prosjektleiar vedlikehald i region Midt-Norge
Org. nr: - Stillingsident: 4460856169 Presentasjon av stillingen:
Forsvarsbygg treng fleire flinke medarbeidarar, og vi søker no etter ein prosjektleiar som ønsker utfordrande og spennande oppgåver innan eigedom, bygg og anlegg.
Region Midt-Norge strekker seg frå Setnesmoen i sør til Drevjamoen i nord, med mest aktivitet på Ørland, Værnes og i Trondheim. Avdeling Eigedomsforvaltning sitt ansvar er å forvalte, drifte og vedlikehalde eigedom, bygg og anlegg som Forsvarsdepartementet eig og som Forsvaret leiger.
Som prosjektleiar vedlikehald vil hovudoppgåva vere prosjektleiing av tildelte prosjekt innanfor vedlikehald, utvikling og komponentutskifting. Du vil inngå i eit team på 8 prosjektleiarar pluss leiar, og vi ser etter ein lagspelar som ser nytta av godt samarbeid og viktigheita av å bidra til eit godt miljø.
Stillinga rapporterer til leiar for prosjekteininga i regionen.
Arbeidsstad vil vere på Ørland eller Værnes.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på vår karriereside www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for gjennomføring av tildelte prosjekt innanfor vedlikehald, utvikling og komponentutskifting
- Leie vedlikehaldsoppdrag og utviklingsprosjekt, irekna dokumentasjonsansvar iht budsjett og tiltaksplanar
- Sjå til at økonomiske målsettingar blir overhalde og at alle oppdrag er iht vedtatt HMS/Internkontroll og samordningsansvar
- Bistå i investeringsprosjekter
- Koordinere utføringar med andre involverte einingar
- Ansvarshavande ovanfor offentlege myndigheiter i bygg- og anleggssaker
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er glad i å jobbe saman med andre menneske og som kommuniserer godt både skriftleg og munnleg. Vidare ser vi for oss at du kan jobbe sjølvstendig og at du er strukturert og systematisk. Som prosjektleiar er det også viktig at du har god gjennomføringsevne og at du tek initiativ.
Utdanningsnivå
- Høgskule/Universitet
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå. Søkarar med anna relevant utdanning som teknisk fagskule kombinert med lang relevant prosjekterfaring kan komme i betraktning
- Det er ønskeleg erfaring frå eigedom, bygg og anlegg
- Det er ønskeleg med erfaring frå prosjektleiing, prosjekteringsleiing og anna prosessleiing
- Det er ønskeleg at du har kjennskap til gjeldande lovverk som plan og bygningslova mv.
- Det er ønskeleg at du har erfaring med bruk av kontraktsstandardar, eksempelvis NS 8405, 8406 og 8407
- Førarkort klasse B
- Du må kunne tryggingsklarerast og autoriserast for Hemmeleg/NATO Secret
Language
- Norsk
Kvifor jobbe hos oss?
I Forsvarsbygg vil du få ein spennande og variert arbeidskvardag med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag der du vil bidra til å bygge forsvarsevne kvar dag. Vi satsar på medarbeidarane våre, vi tilbyr kursing, etter- og vidareutdanning og vi har etablert vår eigen prosjektleiarutdanning. Vi har ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar. Som tilsett hos oss får du medlemskap i Statens pensjonskasse som har ein av dei beste pensjonsordningane i landet med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Andre opplysningar:
- Stillinga blir lønna som prosjektleiar (kode 1113) frå 594 300,- til 702 100,- (lønnstrinn 65 - 74)
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål og karakterutskrift i søknaden din
- Vi oppfordrar kvinner til å søke
- Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter søknadsfristen har gått ut. Dersom du ber om å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste må du grunngi dette. Du blir varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge
Kontaktinformasjon
Bård Atle Haugen, Fungerande Leiar prosjekt region midt, 92809364
Eldar Tøraasen, Leiar stab, 920 17 578
Arbeidssted
Værnes Flystasjon 7500
7500 Stjørdal
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Forsvarsbygg
Referansenr.:4460856169
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.02.2022
Om bedriften
Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi kan for eksempel legge til rette med tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.