Leiar dokumentsenteret
Org. nr: 923609687 Stillingsident: 4219655204 Presentasjon av stillingen:
Seksjon politisk sekretariat har det administrative ansvaret for gjennomføring av møte i dei folkevalde organa i Vestland fylkeskommune. Dokumentsenteret ligg under politisk sekretariat. Dokumentsenteret har ansvar for å legge til rette for at offentleg forvaltning skal kunne dokumentere oppgåvene sine gjennom god arkiverings- og journalføringspraksis.
Dokumentsenteret har lokasjonar i Bergen, Leikanger og Førde. Leiar for dokumentsenter vil ha kontorstad på Leikanger. Eininga vil ha om lag 20 tilsette.
Vi søkjer ein tydeleg, drivande, inkluderande og samlande leiar som har erfaring med å leie ei kritisk driftseining samstundes som ein evner å oppnå resultat for utvikling. Som leiar har du evne til å prioritere og finne gode løysingar innan dei rammene du som leiar vert tildelt. Vi søkjer deg som trivst med å samarbeide med andre og som ser at god dialog og involvering har verdi når avgjerd skal takast. Samstundes vil me også sjå at du kan ta avgjerd sjølv om ikkje alle er samd i den. Det er viktig at du kan identifisere deg med verdigrunnlaget vårt som er å vere kompetente, opne og modige. Saman strekk vi oss etter å vere nyskapande og berekraftige.
Arbeidsoppgåver
Leiing, prioritering og oppfølging av dokumentsenteret sitt ansvarsområde;
- sikre innbyggarane sin tilgang til offentleg informasjon
- kvalitetssikre journalpostar
- sikre og ta i vare arkivplikta
- fordele journalpostar til riktig avdeling
- ha ansvar for journalføring
- ha ansvar for arkiv og informasjonsforvaltning
- Vere systemansvarleg for sak- og arkivsystem.
Rapportering, strategi- og planarbeid.
Andre oppgåver etter nærare avtale med seksjonssjef
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innanfor administrasjon eller juss.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode IT-kunnskapar og erfaring med bruk av digitale verktøy
- Relevant leiarerfaring
Personlege eigenskapar
- Er løysingsorientert og har vilje og evne til å samarbeide for å nå felles mål
- Har stor arbeidskapasitet.
- Har evne til å prioritere og sterkt fokus på resultat.
- Er trygg i leiarrolla og har evne til å gi medarbeidarar ansvar og tillit for måloppnåing.
- Positiv til digitalisering og bidrar til eit positivt og motiverande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar Fleksibel arbeidstid
Andre opplysningar
- Det må påreknas ein del reiseaktivitet.
- Vestland fylkeskommune har elektronisk arkiv
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Alle nye tilsetjingar blir gjort med ein prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Bertil Søfteland, seksjonssjef, 97419760
Arbeidsstad
Askedalen 2
6863 Leikanger
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4219655204
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2020