Barnehagelærar
Me søkjer:
Barnehagelærar i 100% fast stilling v/Bjoa barnehage og skule.
Stillinga er ledig frå 01.08.2019.
Hovudarbeidsoppgåver
- Vera med å leia avdelinga, planleggja, gjennomføra og evaluera arbeidet.
- Ta del i arbeidet med å skapa eit godt arbeidsmiljø og foreldresamarbeid.
- Vera ein god omsorgsperson og rollemodell for barna.
- Observasjon og oppfølging av barna; jobba mot individuelle mål og evt. IOP.
- Arbeida ut frå Rammeplanen. Jobba med, og helst ha kjennskap til programmet "Være sammen".
- Utføra pålagde oppgåver i tråd med stillingsskildring.
Kvalifikasjoner
- Godkjend barnehagelærarutdanning.
- Også andre med anna relevant barnehageerfaring kan søkja.
- Gode evne til å samarbeida med andre og positiv innstilling til arbeidet og drifta av barnehagen.
- Evne til å sjå enkeltbarn og barnegruppa.
- Gode evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og systematisk.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå pedagogisk arbeid i barnehage, gjerne med praksis over tid.
Andre opplysninger
Bjoa barnehage flytta inn i nytt bygg i 2008. Kan ha opp til 30 barn. Pr. i dag er det til saman 14 barn i barnehagen. Skule og barnehage på Bjoa utgjer ei felles eining der rektor ved skulen er leiar for både skulen og barnehagen. Det at barnehage og skule utgjer ei eining gir også rom for eit breiare fagmiljø og utnytting av ressursar. Barnehagen ligg fint til i frodig natur. Det er ikkje lang gåavstand til skog, mark og sjø og der er gode mogelegheiter til å bruka nærmiljøet til tur og aktivitetar. Me har eigen lavvo i nærleiken av barnehagen, og gapahuk i nærleiken av skulen er planlagd.
Elles kan ein tilby eit variert arbeid i eit positivt miljø. Tilsetjing skjer på vanlege vilkår.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Ta kontakt med helsesøster viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege egenskaper
- Gode evne til å samarbeida med andre og positiv innstilling til arbeidet og drifta av barnehagen.
- Evne til å sjå enkeltbarn og barnegruppa.
- Gode evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og systematisk.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Seniorordning
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Vindafjord kommune er IA - bedrift.
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein storlandbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å verasentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje bådemot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.