ID 1801 Lærlingar
Stord kommune er på jakt etter nye lærlingar!
Stord kommune er ein spanande og variert arbeidsplass der du vil få utvikla deg både fagleg og personleg. Me er no på jakt etter nye lærlingar.
Stord kommune skal ta inn 17-19 nye lærlingar i 2022
Me tek inn lærlingar i helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget og IKT servicefaget.
Elevar i vidaregåande skule søkjer gjennom www.vigo.no innan 1. mars og sender i tillegg elektronisk søknad til Stord kommune. Andre søkjer berre elektronisk til Stord kommune.
Alle søkjarane må senda inn kompetansebevis/halvårsvurdering innan søknadsfrist.
Desse må sendast gjennom eDialog: https://www.stord.kommune.no/e-dialog.462466.nn.html
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.