PEDAGOGISK LEIAR I JØSENFJORDEN BARNEHAGE
Det er ledig 40 % stilling som pedagogisk leiar ved Jøsenfjorden barnehage. Tiltredning frå 01.08.2019. Jøsenfjorden barnhage er ein einavdelingsbarnehage. Frå august vil det være 18 plasser med barn i alderen 1-5 år. Barnehagen ligg i naturskjønne område, med flotte turmoglegheiter.
Visjonen til barnehagane i Hjelmeland er: " Det beste for barnet". Verdiane er: "Respekt, Omsorg og Tryggleik".
Satingsområda til barnehagen er: Språk, kommunikasjon og sosial kompetanse.
Arbeidsoppgåver:
Planleggja det pedagogiske opplegget i samarbeid med dei andre tilsette i barnehagen. Observerasjon av barn, skriva IOP, planar m.m.
Kvalifikasjonar:
Utdanniing som barnehagelærar. Vi søker etter Ein person med gode samarbeidsevner og som kan arbeida sjølvstendig. Har godt humør og som er løysingsorientert. Vi kan tilby Info om våre rekrutteringstiltak og ordning for støtte til vidareutdanning finn du på heimesida til kommunen.
Vilkår:
Tilsetjing skjer på dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Pensjonsordning med 2 % av bruttoløn som eigendel.
Anna:
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess:
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Om bedriften
Hjelmeland kommune ligg i "i hjarta av Ryfylke", og er med sine 1092 km2 den nest største kommunen i Rogaland. Kommuens visjon; Hjelmeland naturlegvis" gjev uttrykk for eit ynskje om eit positivt samspel mellom kommunen sine tilsette, innbygjarne rundt oss og naturen. Det er kort veg til Stavanger og resten av regionen. Me er ca 2700 innbygjarar, og kommunesenteret ligg på Hjelmeland.