Assistentstilling ved Regional sikkerheitsavdeling
Klinikk for sikkerheitspsykiatri er ein klinikk i psykiatrisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken har 2 sengepostar, ein Regional sikkerheitsavdeling og ein Lokal sikkerheitsavdeling.
Vår oppgåve er å gje psykiatrisk behandling til alvorleg sinnslidande pasientar i helsereigon vest som i tillegg treng eit høgt tryggleiksnivå. Sentrale oppgåver er å vurdere og å handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av seksjonen, fagleg bemanning og arbeidsform. Målet vårt er å gje pasientane anledning til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen deira, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong for tryggleik.
Regional sikkerheitsavdeling har no ledig 2 faste helgestillingar med jobb pt. kvar tredje helg, dag/aften.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp pasientar i henhald til behandlingsplan
- Bidra til å skape eit trygt postmiljø for både pasientar og personale
- Kunne gje omsorg, støtte og struktur for pasientar i ein vanskeleg livssituasjon
- Miljøterapeutisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med erfaring frå liknande type arbeid
- Gjerne student innan helsefagleg utdanning
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team, vere strukturert
- Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
- Stor arbeidskapasitet
- Meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg
Utdanningsretning
- Juridiske fag
- Medisin
- Sosionom
- Sykepleie
- Vernepleie
- Helsefagarbeider / Hjelpepleie
- Fysioterapi
- Ergoterapi
Personlege Eigenskapar
- Du er initiativrik, interessert og har respekt for den einskilde pasient
- Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Introduksjonskurs
- Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon
- Triveleg arbeidsmiljø
- Treningsrom for tilsette
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Jørn Henning Høyset, Seksjonsleiar, 55 95 85 48, jorn.henning.hoyset@helse-bergen.no
Bente Baug Grey, Ass. seksjonsleiar, 55 95 83 84, bente.baug@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4046200429
Stillingsbrøk: 20%
Fast deltid
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 07.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4046200429&company_id=53020060102&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.