Me søkjer pedagogisk leiar/barnehagelærar
Me søkjer engasjert barnehagelærar som ynskjer å utgjera ein forskjell for barn. Du er god på kommunikasjon med store og små, kan jobba i team og sjølvstendig. Du er god på leiing, er løysingsorientert og ser verdien av humor i kvardagen. Du er ikkje redd for å ta i eit tak, og ser verdien av uteliv i all slags vær.
Me har, saman med alle barnehagane i Osterøy, fokus på "Være Sammen" og "Språkløyper", og me forventar at du engasjerer deg i dette utviklingsarbeidet.
Me tilbyr ein travel og kjekk kvardag med glade barn, engasjerte foreldre, gode kollegaer og ordna arbeidsforhold.
Om bedriften
Osterøy Gårds og Friluftsbarnehage har 38 barn og ligg på Vevle, midt mellom Lonevåg, Valestrand og Haus. Me har nokre sauer, høner og kaninar, samt at me sår og haustar litt poteter og grønsaker. Me har og nokre bærbusker og frukttre. Me er mykje ute i skog og mark, uansett vær.