Sjukepleiarstudentar søkes som pleieassistent til vikariat i helgestilling
Org. nr: NO983974724 Stillingsident: 4239006941 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledige vikariat i helgestilling for sjukepleiarstudentar ved Kirurgisk Klinikk post 1. Kirurgisk Klinikk post 1 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tar hand om pasientar med sjukdomar i heile mage-tarmsystemet.
Post 1 har 42 senger og ca 62 årsverk. Posten har ein høg andel elektive pasientar, og mange er alvorleg sjuke. Vi jobbar mye med innovasjons og forbetringsprosjekt. Hausten 2018 implementerte vi scoringssystemet NEWS som er ein viktig del av arbeidsdagen vår. Ved høg NEWS score tilkaller vi eit mobilt intensivt team som tilser pasienten som er dårleg. Dei tilsette jobbar aktivt med ressurspersonoppgåver og vi jobbar heile tida med å heve vår faglege kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Pleie til kirurgiske pasientar, pre- og postoperativt
- Pleie til palliative pasientar
Kvalifikasjonar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Relevant pleieerfaring
- Student med helsefagleg bakgrunn
Utdanningsretning
- Helsefag
- Helsefagarbeidar / Hjelpepleie
- Sjukepleie
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Tilpassingsdyktig
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringar
- Sjølvstendig
- Engasjert
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Sjukepleiefagleg rettleiing
Kontaktinformasjon
May-Britt Sudmann, Avdelingssjukepleiar, 55973402, may-britt.sudmann@helse-bergen.no
Anette Haatuft Haugland, Avdelingssjukepleiar, 55973408, anette.haatuft.haugland@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4239006941
Stillingsprosent: 15%
Vikariat
Startdato: 17.08.2020
Sluttdato: 16.08.2021
Søknadsfrist: 02.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.