90 % vikariat som sjukepleiar
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Eitt års vikariat for sjukepleiar ved Sogndal legesenter, 90% stilling
Sogndal legesenter har ledig 100% vikariat som sjukepleiar frå 01.06.2020
Vil du å jobbe i eit topp moderne legesenter i nye lokale og bli del av ein høgt kvalifisert stab er dette jobben for deg.
Arbeidsoppgåver
Allsidige oppgåver som til dømes sårskift, spirometri, EKG, enkle pasientkontrollar, laboratoriearbeid, telefontriagering, resepsjonsarbeid og administrative oppgåver.
Krav til kompetanse
3-årig høgskuleutdanning med norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Krav til søkjar:
Gode evner til både sjølvstendig arbeid og lagarbeid.
Fleksibilitet og samarbeidsvilje.
Norskkunnskapar skriftleg og muntleg på morsmålsnivå.
Personlege eigenskapar blir tungt vektlagde.
Spesielle vilkår for stillinga
Det som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Andre opplysningar
Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.
Me tilbyr
Ein kompetansearbeidsplass med høg fagleg og etisk standard, svært godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo.
Løn etter tariff.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine
tilsette.
- Variert arbeid i positive miljø.
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
- Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Treningstilbod for tilsette. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Jan Ove Tryti , Epost: jan.ove.tryti@sogndal.kommune.no
Om bedriften
Velkommen til fagre Sogn! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er vi vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1150 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med brukarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.