Sokneprest i Nordfjord prosti med Berle, Bremanger og Frøya sokn som tenestestad
Org. nr: - Stillingsident: 4094444022 Presentasjon av stillingen:
Bjørgvin bispedøme har ledig stilling som sokneprest i Berle, Bremanger og Frøya sokn i Nordfjord prosti. Soknepresten har hovudansvar for tre kyrkjelydar Bremanger, Frøya og Berle sokn. Frøya kyrkje frå 1865 ligg nær prestegarden i Kalvåg. Til Bremanger kyrkje frå 1914 er det 16 km. Til Berle kyrkje, ei arbeidskyrkje frå 1977, er det 35 km.
Sokneprestane i Indre Bremanger og Ytre Bremanger samarbeider nært både om gudstenestelista og kyrkjelege handlingar.Ved vanleg uttak av fridagar og ferie gjer prestane vikarteneste for kvarandre. Ordninga gjev eit nærare kollegafellesskap og eit betre planmessig uttak av fridagar og ferie. I tillegg kan ein legge vekt på meir samarbeid, arbeide meir i team og utnytte betre den einskilde sine sterke sider og nådegåver.
Det er skular i Kalvåg (1 ¿ 7 kl.) og på Hauge i Bremanger (1 ¿ 10 kl.) Begge bygdene har og heilårsbarnehagar med god kapasitet. Samarbeidet med skulane er godt. Det er eit godt barnearbeid i alle sokna, med felles barnekor, torsdags- og måndagsklubb, og hobbyklubb. Det er felles trusopplæringsplan og konfirmasjonsplan for alle sokna. Konfirmantundervisninga har dei siste åra vore felles for alle konfirmantane i heile kommunen. Trusopplæringsreforma vart innført i prostiet i 2008.
Ytre Bremanger har kyrkjelydspedagog, kyrkjegardsarbeidar, kantor kombinert med stilling i Kulturskulen, trusopplærar og kyrkjetenarar i deltidsstillingar og kontorhjelp for sokneråd og prest i deltidsstilling. Klokkartenesta i alle kyrkjene går på turnus mellom frivillige medarbeidarar. Soknepresten har kontor saman med kontorhjelp, kyrkjelydspedag, og familiearbeidar og kyrkjeverje i Kalvåg sentrum.
Nordfjord prosti har 14 prestar. Prestane kjem saman åtte gongar i året til prostikonvent for felles studium, styrke kollegafellesskapet og drøfte aktuelle tema. I tillegg legg ein inn familiesamling/velferdstur m.m.
Den som vert tilsett må ha både evne og vilje til å samarbeide og samhandle med andre og kunne formidle evangeliet. Til stillinga ligg det beredskapsordning etter gjeldande reglar.
I Kalvåg kan vi tilby prestebustad på 300 m2 frå 1865. Den ligg vakkert,
men verhardt til, med flott utsikt mot Frøysjøen. Det er gjort mykje
utbetringsarbeid med bustaden, slik at han er i bra stand. I fyrste
høgda er det stor stove, spisestove, soverom/kontor, kjøkken, vaskerom,
bod, entre og WC. I andre høgda er det 4 soverom, bad, WC og boder. Det
er sett inn varmepumpe og ny klebersteinsovn i 2004. Hagen er omlag 1
mål. Til tunet høyrer stabbur, låve, dobbel garasje og naust ved sjøen.
Det er kort veg til barnehage, skule og butikkar.
Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei nyttar begge målformene. Det ligg beredskap etter gjeldande reglar til stillinga.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest jf. politiregisterloven § 39). Søkjar må ha førarkort klasse B og bør disponere bil.
Vi bed om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Utdanningsretning
- Teologi/livssynsfag
Utdanningsnivå
- Mastergrad i teologi og praktikum
- Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest
- Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsvegleiing
- Bustad til disposisjon etter gjeldande reglar
Kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, (+47) 996 25 480
Rolf Schanke Eikum, prost, (+47) 975 05 015
Arbeidssted
Rådhuset
6723 Svelgen
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Den norske kirke
Referansenr.:4094444022
Stillingsprosent: 100%%
Søknadsfrist: 11.08.2019