Legespesialist / Lege 100% fast stilling - arbeidsretta rehabilitering
Er du lege med interesse for samanhengen mellom helse og arbeid? Likar du å vere del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø? Har du lyst til å bu og arbeide høgt til fjells, midt mellom aust og vest?
Rehabiliteringssenteret AiR søker lege i 100% stilling.
Me søker primært etter spesialist innan fysikalsk medisin og rehabilitering, men og søkarar med spesialitet/klinisk erfaring innan allmennmedisin, arbeidsmedisin og psykiatri er aktuelle. Pasientane har ufordringar knytt til funksjon i arbeidsliv/skule, dei fleste med samansette helseproblem med lettare psykiske lidingar og plager frå bevegelsesapparatet som dei viktigaste diagnosegruppene.
AiR satsar no særlig på rehabilitering av unge vaksne.
Me arbeider tverrfagleg i team som består av lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent, idrettspedagog og psykolog/samtaleterapeut. Som lege bidreg du med medisinskfagleg kompetanse i klinisk praksisog tverrfaglege vurderingar Du vil og delta i systematisk fagleg utvikling.
Faglege kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjening som spesialist fysikalsk medisin og rehabilitering / annan relevant spesialitet eller klinisk erfaring
- Erfaring frå/interesse for fagfeltet arbeidsrettet rehabilitering er ynskeleg
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne
- God skriftleg og muntleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vert vektlagde
Me tilbyr:
- Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen, gjennom vidareutdanning, kurs og eventuelt som del av spesialiseringsløp
- Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00 - 15.30
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe møblert bustad
Søknadsfrist: 1. april 2022
For meir informasjon, kontakt:
Leiar klinikk Anita Vatnebryn tlf. +47 957 30 942, e-post anita.vatnebryn@air.no eller medisinskfagleg ansvarleg overlege Ottar Berg på tlf 952 84 240.
Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet. AiR har totalt fem stillingar for legar.