Einingsleiar Nav - 100% fast
Omtale av stillinga
NAV Kvinnherad søkjer ny leiar, er dette ei utfordring for deg? Vi er lokalisert i nye og innbydande kontor- og møtelokaler i Husnes sentrum. Våre dyktige medarbeidarar ventar no spent på å få ny leiar.
NAV sitt overordna mål er å gje menneske høve til arbeid og aktivitet og samtidig sikre rettar til velferdsytingar. NAV-kontoret i Kvinnherad er etablert i eit partnarskap mellom NAV Vestland (stat) og Kvinnherad kommune .Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver i ein organisasjon med særs viktige samfunnsoppgåver. NAV Kvinnherad har medarbeidarar som er statleg og kommunalt tilsette. Einingsleiar vert tilsett på kommunale vilkår. Den som blir tilsett skal rapportere både til Kvinnherad kommune og til NAV Vestland i samsvar med lokal samarbeidsavtale. Det set krav til å handtere både statlege og kommunale styringssystem, og leie dei tilsette innafor både det statlege og kommunale regelverket.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Bidra til å realisere NAV-reforma i Kvinnherad kommune, og dei til ei kvar tid gjeldande styringsdokument for tenesta.
- Resultatansvar knytt til målet om fleire i arbeid og færre på stønad.
- Fagleg og administrativt ansvar for kontoret og personalansvar for tilsette.
- Nært samarbeid med andre einingar og samarbeidspartar.
- Nært samarbeid med lokalt næringsliv.
- Generelt utviklingsarbeid i tråd med vedtekne handlingsplanar.
- Bidra til utvikling av tenestene på tvers av kontora i region Sunnhordland.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på høgskule-/ universitetsnivå - minimum 3 år.
- Leiarutdanning og/eller leiarpraksis frå offentleg og/eller privat verksemd.
- Forståing for arbeids- og velferdspolitikken i ein samfunnsmessig samanheng.
- Kunnskap om målstyring, økonomistyring og evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv.
- Erfaring frå samhandling med dei tilsette sine representantar.
- Dokumentert gjennomføringsevne og evne til å skapa resultat.
- Gode evner til å skape relasjonar og kommunikasjon.
- Gode it-kunnskaper.
Personlege eigenskaper
- Evne til å motivere, inspirere og engasjere.
- Tydeleg, strukturert og resultatorientert.
- Initiativrik og løysningsdyktig.
- Evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt.
- Kunne handtere dei utfordringar som ligg i partnarskapsmodellen mellom kommune og stat.
- Menneskesyn og haldningar som støtter opp under organisasjonen sine verdiar.
- Evne til omstilling i forhold til nye krav og retningslinjer.
NAV er oppteken av mangfald og vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetjing, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Utfordrande oppgåver i eit moderne og aktivt arbeidsmiljø.
- Deltaking i vidareutvikling av ei verksemd med ambisiøse mål.
- Løn etter avtale.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.