Stilling for assistent på helg
Org. nr: 083974724 Stillingsident: 4432121185 Presentasjon av stillingen:
Psykiatrisk klinikk består av 3 avdelingar: psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling spesialisert psykosebehandling og avdeling for stemningslidingar. Seksjon tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein av 7 seksjonar i avdeling spesialisert psykosebehandling og skal gi tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling. Seksjon TPS starta 01.01.2012 og flytta inn i nytt bygg juni same året. TPS skal gi tilbod til unge menneske i alderen 15-30 år. TPS gjer tilbod til unge nysjuke med både rusproblem og dei utan. Desse to pasientgruppene er delt inn i to fysisk åtskilde områder/grupper.
Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å leggje til rette for forsking. TPS har 15 (7 + 8) sengeplassar. Sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar/hjelpepleiar inngår i tverrfagleg team, saman med psykiater, psykologspesialist/psykolog og sosionom. Treningsterapeut bidrar til å leggje til rette for fysisk aktivitet.
Det er for tida ledig fast 20 % stilling og 14 % stilling på helg som assistent ved Avdeling spesialisert psykosebehandling, seksjon tidleg psykose Sandviken. Turnus med arbeid pt kvar 3. helg. Stillingane er ledige frå 01.10.2021
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging som inneber oppfølging av miljøterapeutiske tiltak, og fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
- Tverrfagleg teamarbeid
- Observere og dokumentere
- Ein-til-ein kontakt og støttesamtalar
- Praktisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter assistentar som har interesse for og eventuelt erfaring med unge menneske med psykose/schizofreni og eventuelt rusmisbruk
- Helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)
Personlege eigenskapar
- Du må vere pasientorientert og ha respekt for kvar enkelt pasient
- Du må vere ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysingsorientert og målretta
- Vi ønskjer ein engasjert og fleksibel medarbeidar med godt humør som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeidsvillig og serivceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- Lojal, roleg og tolmodig
- Må vere personleg eigna til arbeidet
Vi tilbyr
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kjersti Valestrand Bjørnstad, Seksjonsleiar, 55958612
Astrid Hovland, Ass.seksjonsleiar, 55958826
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4432121185
Stillingsprosent: 20, 14%
Fast
Startdato: 01.10.2021
Søknadsfrist: 03.10.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.