Musikk- og kulturskolelærer
Org. nr: 961 382 246 Stillingsident: 4353504577 Presentasjon av stillingen:
Kulturskulen ønskjer å vera eit senter for kulturtilbod for bebuarane i Vang kommune.
Inna musikk ønskjer kulturskulen å ta vare på dei historiske tilknytingar me har i forhold til folkemusikk, samtidig som ein og tek vare på det klassiske og rytmiske uttrykket i musikken. Skulen ønskjer og å serve tilbod som showdance, teater, teikning og foto.
Arbeidsoppgåver
Vang kommune har frå 01.08.21 ledig 50% fast stilling som musikklærar. Det er mogleg å søke på deler av stillinga:
Dirigent Høre mannskor, 10,26 % fast stilling. Koret har som mål:
- Å skape interesse for god mannskorsong
- Å arbeide for musikalsk utvikling
- Å skape eit inkluderande og godt sosialt miljø
- Å vera eit godt kulturtilbod i lokalmiljøet
- Å utvikle gleda ved song saman med andre
Dirigent Vang skule- og ungdomskorps , 15.39 % fast stilling. Korpset har som mål:
- Å byggje vidare opp skulekorpsmiljøet i Vang
- Å skape eit inkluderande og godt sosialt miljø
- Å vera eit godt kulturtilbod i lokalmiljøet
- Å utvikle gleda ved musikk saman med andre
Me søkjer dirigentar som kan leie arbeidet mot desse måla, og som også vil arbeide for rekruttering av nye medlemmer.
Musikk i barnehage, 10,26 % stilling fordelt i Høre barnehage og Fredheim barnehage. Målet med stillinga er å skape musikkaktivitet i barnehagen og å auke rekruttering seinare inn i Vang kulturskule.
Pianolærar er ledig frå hausten 2021. I dag er stillinga på 10,26%, men dette kan endre seg.
Song på Vangsheimen 3,85 % stilling -- song med pianokomp for dei eldre på Vangsheimen måndag 12.15 -- 13.00.
Søknadar kan og bli vurdert til eventuelle andre ledige stillingar i kulturskulen før skulestart.
Kvalifikasjonar
- Relevant 3 årig høgskuleutdanning
- Søkjarar utan formalkompetanse, men med god realkompetanse kan vurderast
- Det er ønskeleg med kompetanse innan musikkterapi
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
Personlig eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Oddbjørn Skeie, Rektor kulturskule, 61369423, oddbjorn.skeie@vang.kommune.no
Tommy-René Stordal, Kommunalsjef utdanning og kultur, 61 36 94 20
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang Kommune
Referansenr.:4353504577
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2021
Søknadsfrist: 28.03.2021
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.