Sjukepleiar - ev. helsefagarbeidar
Gulen kommune har ledig inntil 100% fast stilling som sjukepleiar frå 01.05.19. Oppgåvene er for tida knytt til arbeid på ved avdeling Byrknes, men det kan verte aktuelt med oppgåver i heile eininga. Det kan vere aktuelt å tilsette helsefagarbeidar dersom vi ikkje får kvalisfiserte sjukepleiarar. Isåfall vil arbeidsoppgåvene verte tilpassa.
Turnusarbeid, 3. kvar helg.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Stedfortredar for avdelingssjukepleiar
- Delta i dagleg drift
- Andre oppgåver som måtte komme til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar. Helsefagarbeidarar med autorisasjon kan også verte vurdert for tilsetjing
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Eva Vågheim, Tlf: +47 57781641, Mobil 47453859, Epost: eva.vagheim@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!