Ressurspedagog
Stillingsannonsen er inaktiv.Solund kommune
Hardbakke 26, 6924 Hardbakke
Org.nr.:964967458 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestertilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.
Solund kommune har ledig 100% fast stilling som ressurspedagog knytt til oppvekstmiljøet. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak retta mot barn og unge i barnehage, skule og kulturskule. Leiar for oppvekst og kultur er næraste overordna, men stillinga vil også ha eit nært samarbeid med styrar, rektor og kulturskulerektor.
Stillinga skal fremje og styrke oppvekstmiljøet. Personlege eigenskapar vil vere eit viktig vurderingsgrunnlag ved tilsetjing. Den som vert tilsett vil vere med på å utvikle stillinga, og må såleis vere fleksibel, løysningsorientert og målretta. Delar av arbeidstida vil, etter avtale, vere knytt til ettermiddag/kveldar og/eller helgar.
Den som vert tilsett må vere trygg i å bruke norsk som kommunikasjonsspråk, både skriftleg og munnleg. Solund kommune brukar nynorsk som målform.
Aktuelle kandidatar til stilling vil verte kalla inn til intervju. Det vil verte kravd politiattest og utfylt MRSA-skjema før tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere ulike tiltak og aktivitetar saman med andre aktørar innan oppvekst
- Vere del av tverrfaglege team og arbeidsgrupper
- Delta i førebyggande arbeid
- Delta i arbeidet med å analysere ulike kartleggingar
- Kontaktperson for ungdomsklubben
- Vere ressursperson mellom frivillig arbeid og oppvekst
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk kompetanse
- Kompetanse innan barn og unge si fysiske og psykiske helse
- Kompetanse eller erfaring innan undervisning, idrett eller kulturretta arbeid
- Kompetanse retta mot folkehelse og/eller livsmeistring
- Har, eller er villig til å tileigne seg analysekompetanse
- Har, eller er villig til å tileigne seg rettleiingskompetanse
- Erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
- Førarkort for bil er ein føremon
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Kan arbeide sjølvstendig og har evne til å ta initiativ
- Har evne til å arbeide målretta og strukturert
- Har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Har god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
- Kontaktskapande og evne til å bygge relasjonar
- Har evne til å legge til rette for livsmeistring og trivsel
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Ei spanande stilling med ansvarsfulle og varierte oppgåver
- Løn etter tariff
- God pensjonsordning i KLP
Velkomen som søkjar!
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ynskjer berre kontakt med søkjarar. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Øystein Bolset Strand, Tlf: +47 94801450, Mobil +47 94801450, Epost: oystein.bolset.strand@solund.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Solund kommune
Adresse
Hardbakke 26, 6924 Hardbakke
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.
Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. På nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane og klatreanlegg. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.
I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule og nyttt idrettshus, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.
Klikk på lenken for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. mai 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2698711dep212679_Solund kommune_stepstone
Stillingsnummer: 61506212-a091-4727-89c4-772e8d4aab51