52 % stilling som lærar ved Indre Hafslo oppvekstsenter
Me søkjer etter pedagog med GLU kompetanse 1.-7. steg eller annan relevant utdanning og erfaring. Me treng fagkompetanse særskilt innan norsk, matematikk og engelsk, men ønskjer at den som blir tilsett kan dekke eit breitt fagfelt og undervise på alle klassesteg.
Då me per i dag har flest kvinnelege pedagogar ved oppvekstsenteret oppmodar me menn om å søkje.
Om bedriften
Indre Hafslo oppvekstsenter avd. skule har skuleåret 2020/21 37 elevar frå 1.-7. steget. Elevane er fordelt i tre grupper: 1.-2. steg, 3.-4. steg og 5.-7. steg.
På skulen vår arbeider me systematisk med språk, IKT og fysisk aktivitet, med uteskule for alle. Me arbeider med å gjere alle elevar til aktive lesarar og er medvitne kor viktig språkbruken og språkleiken er for å utvikle språket til elevane slik at dei kan uttrykkje seg med eit variert og rikt språk.
Me ynskjer å utvikle elevane sine digitale ferdigheiter slik at dei kan med eit kritisk og nyansert blikk på kva som møter dei i den digitale kvardagen.