Ferievikarar helse- og omsorgsetaten
Org. nr: 964979456 Stillingsident: 4337193420 Presentasjon av stillingen:
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ferievikarar til ulike avdelingar ved
- Alvehaugen (sjukeheim, omsorgsbustader, vaskeri, kjøkken, aktivitør, ambulerande vaktmeister, fysioterapi).
- Heimetenestene (omsorgsbustader ved Ulshaugen og Holsekerdalen, teneste til menneske med utviklingshemming, heimehjelpa og heimesjukepleia)
Alle som får tilbod om stilling må levere tilfredsstillande politiattest av ny dato før oppstart, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4- Ved arbeid i heimehjelpa og heimesjukepleia er det krav om førarkort for personbil. Det er fordel om du også disponerer bil.
Vi prioriterer dei søkjarane som kan arbeide heile perioden juli til medio august. I søknaden må du skrive telefonnummer og periode du kan arbeide. Fortel litt om deg sjølv i søknaden, og om du har ønske om arbeidsstad og arbeidsoppgåver.
Legg ved vitnemål og attestar, då desse dannar grunnlag for fastsetting av ansiennitet og løn Ved helse- og omsorgsetaten får du ein variert arbeidsdag saman med kjekke kollegaer og ei god arbeidserfaring for karrierevegen vidare
Kontaktinformasjon
Gunn Hofset, Soneleiar, 98230612
Gunn Sætre, Soneleiar, 98230617
Gunn Helen Hauge Muren, Soneleiar, 98230615
Heidi Strand, Soneleiar, 98230640
Arbeidsstad
Sjøgata 63
6065 Ulsteinvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein kommune
Referansenr.:4337193420
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.03.2021
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.