Spesialsjukepleiar/Sjukepleiar
Me søkjer:
Spesialsjukepleiar/sjukepeiar ved Etne og Vindafjord legevakt, 20% fast stilling.
Tiltreding 31.08.2020.
Hovudarbeidsoppgåver
- Jobbe i team med lege på vakt
- Prioritera rett pasient til rett tid/ta anamnese og vurdera tiltak
- Ivareta pasient og pårørande ved behov
- God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen
- Kontrollere og følgja opp daglege, veke- og månadlege prosedyrar og kontrollar
- Laboratoriearbeid
Andre opplysninger
Du må lika å arbeida sjølvstendig, ta ansvar og ha eit godt klinisk blikk. Ingen dag er lik, du må trivas med uventa situasjonar i ein beredskapsjobb, ha fleksibilitet og handlekraft, og behalde roen i stressa situasjonar. Gode kommunikasjonsevner og ferdigheter er viktig.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Kvalifikasjoner
- Spesialutdanning i legevaktsjukepleie.
- Sjukepleiarar utan spesialutdanning kan og søka.
Personlege egenskaper
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldane tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein storlandbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å verasentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje bådemot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.